Info til tidligere kunder
Sidan Fylkesarkivet førebels ikkje ønskte å ta imot det digitale arkivet, har eg valt å ta vare på det digitale materialet vidare. Dette gjer at dei som ikkje rakk fristen i 2024 framleis kan bestille digital bilde pakke så lenge eg framleis har utstyr som kan handsame materialet.
Vi gjekk over til 100 % digital fotografering rundt 2008.
Pris
1500 kr per fotografering. Ved fleire fotograferingar kan ein be om tilbod.
Levering skjer på USB og blir sendt i posten dersom ikkje anna er avtalt.
Innhald
Komplett filpakke i JPG-format, høg oppløysing.
Merk: Bilda blir ikkje finjustert for print. Du får filene slik dei var etter siste behandling hos oss – eller rett frå kamera dersom justeringar har gått tapt.
For dei som har kunnskap og utstyr til å bearbeide RAW‑format: Du kan be om å få RAW‑filene i staden for JPG.Dette gir deg meir valg i forhold til å endre eventuelle svartkvitt-bilder tilbake farge og i somme tilfelle utvide utnitt.
Kontakt
Bestillingar blir tekne imot kun via e‑post: foto-marta@hotmail.com
Eg er pensjonist og sjekkar ikkje e‑post kvar dag, så leveringstida kan variere.
Informasjon som må leggjast ved
Namn på alle som vart fotograferte
Årstal for fotograferinga
Ditt namn, telefonnummer og adresse
Dette er ei rein praktisk ordning for tilgang til eksisterande materiale. Det blir ikkje tilbydd nye tenester.
Fotograferingar før 2008 er heilt eller delvis på negativ/film og er leverte til Fylkesarkivet.
Dette er det einaste produktet vi tilbyr.
Kommentarer
Legg inn en kommentar